Påske betyr fri fra jobb, som igjen betyr skulearbeid...
Eg har før påske fått gjort klar skisser og grubla og tatt mål og bilete av kyrkja og funne ut korleis eg skal gjere det med bygginga.
Eg fann ut at eg ville byggje kyrkja i tre, leikte jo ei stund med tanken på å lage den i mjølkekartong, men etter å ha grubla på det ei stund fann eg ut eg ville ha noko litt meir solid, slik at eg kan ta vare på den i ettertid, er jo litt kjekt sidan det tross alt er kyrkja "vår", den me har gifta oss i og hatt begge barnedåpene i.
Sidan ein skulle gjennbruke noko når ein laga kyrkja fann eg ut eg ville lage den i ispinnar. Eg tenkte ikkje å bli ein stor spisar av is, sidan eg viste eg hadde nokre ispinnar liggjande på loftet som var restar frå eit gammalt hobbybrosjekt. Desse fann eg ut passa perfekt som bordkledning, einaste bakdelen var at eg mått byggje kyrkja i litt stort format 1:20... Men er egentlig greit at det ikkje er så lite og putle når ein skal jobbe med det...
Stenderverket tenkte eg å bruke pinnekjøttpinnar som me hadde liggjande som restar etter jula, og byrja og med dei, men fann etter kort tid ut at eg ikkje hadde nok, gjekk på jakt hos naboane og, men måtte gje tapt, så då gjekk eg i garasjen og fann restar etter lister frå me bygde huset, det fungerte fint som stenderverk det og ;)
Til tak tenkte eg og ha ispinnar som underlag og bruke pussepapir som taktekke...
Så planen er klar, det var berre og setje i gong :)
Så i går (skjærtorsdag satte eg i gang, og fekk i løpet av den dagen gjort ferdig eine langveggen opp til der vindua skrår oppover. Så i dag fortsatte eg, og jammen meg har dette vore ein lang fredag, eg har fått gjort ferdig langveggen eg var byrja på, eg har fått gjort ferdig dei to sidene på våpenhuset/kyrkjetårnet, og er halvvegs med framsida av våpenhuset/kyrkjetårnet, og har til og med fått laga eine døra =)
Er framleis mykje som gjenstår på kyrkja, men eg trur snart eg er halvvegs ;)
Ein god begynnelse
Plank på plank og stendere
Kleklyper er ein fantastisk ting og kan brukes til så mangt ;)
Eg valgte å bruke klesklyper som tvinger når eg skulle liste rundt vindaugene
Listearbeid er noko herk, tar lang tid og er putle, men blir ganske bra når ein er ferdig
Jippi eg er kommet til toppen av veggen, då setter me på klesklyper for å halde dei saman så ikkje bordkledninga sprikar
Ein viss likhet, mangler berre sprossene og glass i vindaugene
Etter å ha fullført langsida heiv eg meg i kast med kortsidene på våpenhuset/kyrkjetårnet.
Vart så ivrig på den eine at eg heilt glømte luka som skulle vere øverst...
Så då måtte me fint berre pitla av igjen...
Men når eg blei ferdig og fekk lista så blei da ikkje så verst
Ikkje så ulikt sånn det er i det verklege livet
Flotte lister ;)
Døra
Orginalen
Vindauga ferdig lista
Resultatet så langt av påsken
- Posted using BlogPress from my iPhone