fredag 10. februar 2012

Design oppgaven

Eg har gått å grubla på denne oppgåva no ei drøy veke, og kom fort fram til at eg ikkje ville gjere om på et klesplagg, eg ville helst ikkje jobbe med stoff, siden det nok er det mange velger, og eg føler det kanskje blir for opplagt...
Ganske raskt kom eg inn på ideen om at eg ville lage ei veske. Vesker er noko eg er blitt veldig glad i og som eg "samlar" litt på. Men eg ville ikkje lage den i stoff, ville finne eit materiale som ein kanskje såg på som ubrukelig/boss, noko ein hadde kassert, som eg såg potensialet i og kunne gje nytt liv.
Og her i går når eg var på leiar samling for alle barnehagane i kommunen (eg jobbar som styrar i ein bhg) kom ideen til meg. For det var ei av dei andre styrarane som hadde eit penalhus som var laga av eit sykkeldekk, eller av slangen inni dekket.... Og då fann eg ut at dette var jo genialt, så hvis eg kunne få tak i slangen frå et bildekk/lastebildekk/traktordekk så ville det vere stort nok, og eg ville få ei vanntett veske, noko som jo er heilt genialt. Så no skal eg begynne og skissere no i heljo, so får me forhøyre oss om etter slange frå eit dekk på bilverstadene i veka som kjem. Gleder meg allereie kjempe mykje =)

1 kommentar: