lørdag 24. mars 2012

Kyrkjearbeid

Det er helg og tid for skulearbeid...
I ein travelkvardag der e byrja i ny jobb 1.februar etter eit år mammapermisjon er det meir enn nok å gjere i kvardagen, 100% jobb, forberedelser til jobben, to små som krever sitt +++

Derfor må helgene utnyttes. Denne helga er det arkitekturhelg har eg bestemt. Eg har tilbrakt ein del tid nede ved kyrkja og tatt bilde, målt og teikna skisser.
Så no skal det lagast skikkelige skisser og reknast før me til slutt sett i gong med bygginga.

Eg har funne ein metode eg sjølv meiner er genial med tanke på å finne høgda på kyrkja (utan å rigge seg te med stege ;) )
Eg har målt bredden på ein planke, også tel eg kor mange plankar det er oppover og legg så dette samman ;)
Så kvar planke er 13 cm. Våpenhuset er 75 bord høgt opp til taket. Så då er altså den delen av kyrkja 9,75 meter høg :)
Genialt enkelt for sånne enkle matematiske sjeler som meg ;)



Eg er glad eg valgte å byggje kyrkja. Har eit nært forhold til denne kyrkje etterkvart. Denne kyrkjetrappa stod eg på som nygift 12. juni 2010. Dottera vår Adrielle blei døypt i denne kyrkja 9. november 2008. Og dottera vår Natalie blei døypt her 19. juni 2011 =)

Det er enkelt å telle plankane på bileta




Her er langsida av kyrkja som vender mot sjøen. 

Kyrkja blei jo ombygd i 1975, men eg har valgt å byggje den orginale kyrkja slik den var når den blei oppført i 1898





Dei flotte vindauga









Det taket ein ser i bunn av bildet er et garderobe tilbygg som blei bygd på i 1975, og dette skal eg ikkje ha med på min modell.

Bekkjarvik kapell
Bekkjarvik kapell
Byggeår 1895-1898
Endringer Restaurert i 1975
Arkitektur
Periode Nygotikk
Arkitekt J. Sandnæs
Teknikk Tømret
Materiale Tre


Henta frå wikipedia


- Posted using BlogPress from my iPhone

1 kommentar: