onsdag 2. mai 2012

Ei veske blir til...

Ja no har eg endelig fått tid til å setje meg ned og byrje på veska mi av traktordekk. Eg byrja allereie for ein månad sidan å vurdere om eg kanskje ville ha ei litt anna form på veska mi, eg har gjort litt research og fant ut at eg ville ta utgangspunkt i ei oppskrift eg fant i ei strikkebok der heile veska er laga av et stykke.
Eg satte i gong å klippe men fann ut at å klippe ut eit emne av slangen i et dekk ikkje er berre berre, for den er bua, og derfor vanskeleg å få eit beint emne. Men etter å ha klødd meg godt i hovudet og bedt høgare makter om hjelp, greide eg endeleg å få til noko. Før eg byrja å sy måtte eg prøve ut ulike sting/måtar å sy på på ein prøvelapp, eg hadde ei formening om korleis eg ville ha det (inspirert i frå ) men ville prøve det først for å sjå om det blei like stilling som eg hadde tenkt meg, og det syns eg det blei.
Så var det bare å sy sammen begge sidene på veska, noko som forsåvidt var enkelt nok, men som tok på fingertuppene, ettersom det er tungt å presse nålen gjennom gummi...
Etter å ha sydd sammen veska i sidene og festa på nokre fester eg hadde til nokre gamle refleksar så mangla eg berre hanken, men når eg såg kor mykje gummi så var igjen kasta eg meg på oppgåva med ei matchende lommebok ;-)
Eg blei ganske fornøyd med resultatet, så no er det berre hanken og litt dekor som manglar ;-)




Det ferdig utklippa emnet




Klippe-arbeid




Utprøving av ulike symetoder/sting




Skal ein ha det på retten eller vrangen?




Svingene på retten blei like tøffe som eg hadde forestilt meg :-)




Begge sider sydd




Då va me kommet så langt, då er det berre resten igjen... ;-)




Fester til hanken klar




Ei matchende lommebok må til ;-)




Samme sting og samme festeanordning til hanken :-)




Blei stilling kontrast med oransje tråd mot den mørke gummien :-)



Berre hanken og dekor som mangler no:-)



Ein sår fingertupp...

- Posted using BlogPress from my iPhone

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar