Eller egentlig kosetur med min kjære mann, men når man først er i denne fantastiske byen så må ein jo nytte høvet til å kikke på noko av dei fantastiske arkitektoniske skattane Trondheim har å by på, og då står sjølvsagt Nidarosdommen øverst på lista. Og etter å ha beskua dette nasjonalmonumentet er eg stum av endelaus beundring. Så her kjem nokre bilete fra vår sightseeing i Trondheim:
Ein heilt eineståande vakker bygning. Som ein kan sjå av bileta inni domen er det lett å få auge på dei spisse bogene som er typisk for den gotiske stilen. Eit anna kjend trekk for den gotiske stilen er for øvrig lange slanke kirkespir, noko ein kan sjå her på bilete over. Nidarosdomen bær preg av både romansk og gotisk stil.
Legg også ved et par bilete av andre bygg eg knipsa medan eg var i trønderhovedstaden =)
lørdag 28. januar 2012
onsdag 25. januar 2012
På oppdagelsesferd i nærmiljøet
På sundag utnytta eg det fine været og tok med meg kameraet ut på jakt etter arkitektoniske skatter.
Fann ein del forskjellig, vil dele nokre bilete med dykk her, har ikkje heilt bestemt meg for kva fem bygningar eg velger enno, einaste eg har bestemt meg heilt for e Notehenjo og Gjestgiveriet.
Og her kjem bileta :

Bekkjarvik Kyrkje
Sjøtrollbygget
Et flott kontorbygg like ved der eg bur som har ein særegen stil
Eit funkishus bygd så tidlig som rundt 1970
Notehenjo i Bekkjarvik
Bekkjarvik Gjestgiveri
Vanlig enebolig bygget på første halvdel av 1900-tallet
Og til slutt huset vårt.
Bygget i 2010, i noko som vist nok skal vere ny-sveitserstil.
Kva synes dåke om husa i Austevoll?
mandag 23. januar 2012
Introduksjon til temaet ARKITEKTUR
Tirsdagen møtte me med friskt mot til introdusjon til arkitektur. Me fekk sjå ei heil rekke lysbilde av fasinerande byggverk og unik arkitektur. Gunnar hadde og hengt opp ei rekke illustrasjonar i klasserommet. Og den mest fasinerande av dei var nok Peters kirka, som var heilt enorm, var utrulig fasinerande og sjå kor stor den var i forhold til feks Campus Fosshaugane.
Alle desse søylene er utvikla av grekerane. Den Doriske søyla er heilt enkel som ein kan sjå, berre sporer i rundstokken for å få ei fin utforming.
Den joniske søyla har snirkelr på sidene av søylehodet.
Den Korintiske søyla er dekorert med akantusmotiver.
Me fekk og lære ein del om ulike formar for arkitektur og kva byggeskikkar som har vore vanleg oppigjennom tida.
Me fekk og ei oppgåve der me skulle lage ein modell som illustrerte begrepet INNE-UTE, og der valgte me å laga ein badestamp med tak over...
Ei kjekk oppgåve som fekk ein til å tenke på ein annan måte...

fredag 20. januar 2012
Måndag 16. januar, første dag, første samling
Etter å ha traska litt fram og tilbake på Campus Fosshaugane og spurt etter vegen på biblioteket fann eg endeleg rett bygning og rett klasserom, fem minutt før undervisninga sku starte ;-) Eg var jo ein smule spent, ny klasse, nye emner, nye ansikt, ny skule... Men heldigvis såg eg raskt et kjend ansikt frå Sandane og del 1 av Kunst og Handverk der oppe, og alle dei andre elevane var så hyggelige og imøtekommende at eg byrja gle meg til vårens skuleeventyr :-)
Etter litt informasjon om kva som venta oss utover våren og litt undervisning om design var me klar for ein tur på museum. Og turen gjekk til dei Heibergske Samlinger i Kaupanger, eit stort, flott, innholdsrikt og spannande museum.
Her er nokre bilete eg tok på Museet :
Vel tilbake på skulen var det tid for å vere litt kreativ, så då sku me bruke et ord eller ein setning og dekorere i og rundt den, og kanskje hente inspirasjon frå det me hadde sett på museumet. Og så var dagen over og ein måtte lade batteria til neste dag når ein skulle lære mykje om arkitektur.
Etter litt informasjon om kva som venta oss utover våren og litt undervisning om design var me klar for ein tur på museum. Og turen gjekk til dei Heibergske Samlinger i Kaupanger, eit stort, flott, innholdsrikt og spannande museum.
Her er nokre bilete eg tok på Museet :
Altertavla frå kaupanger kyrkje. Oljemåleri av Anders Askevold (1834-1900) frå 1865
Altertavla vart teken ned og sterkt skadd då Kaupanger kyrkje vart restaurert i 1960-åra.
Tavla er restaurert av Norsk Institutt for kulturminneforsking 1993-96
Flusi frå Sogndal
Segna seier at Svartesmeden på Bjella tok livet av Lundamyrstrollet med denne dolken.
Denne skakniven var lenge brukt til å lækja dyresjukdommar og verna dyra mot trollskap.
Segna er nedteikna i Asbjørnsen og Moes eventyrsamlingar, under overskrifta Fra Sognefjorden
Tannlegekontor fra gamledagar
Ein god gammal slede
Den gjenstanden eg valgte meg ut på museet, et ansikt skåre ut i ei trestamme
Så var me i gang...
Ja då var endeleg skuleåret starta og eg har vore på første samling i Sogndal for å ta dei siste to emna i Kunst og handverk for å få et full kompetanse i dette faget til å kunne undervise i det. Dette er og den siste biten for å få fullført lærerutdanninga mi som eg byrja på i 2005, så byrjer å bli på tide å komme i mål ;) Sjøl om ein blir litt forsinka av et par unger som ønska å sjå dagens lys midt under utdanninga og husbygging og giftemål så kjenner eg at det er viktig å få fullført utdanninga og ikkje berre la det koke ut i kålen utan at eg får meg ei formell utdanning, og i alle fall no når eg er så nær med å være ferdig :-)
Men nok om det, no gleder eg meg til å ta fatt på design og arkitektur og få mange kjekke og kreative stunder både i Sogndal og heime mellom samlingane :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)