Tirsdagen møtte me med friskt mot til introdusjon til arkitektur. Me fekk sjå ei heil rekke lysbilde av fasinerande byggverk og unik arkitektur. Gunnar hadde og hengt opp ei rekke illustrasjonar i klasserommet. Og den mest fasinerande av dei var nok Peters kirka, som var heilt enorm, var utrulig fasinerande og sjå kor stor den var i forhold til feks Campus Fosshaugane.
Alle desse søylene er utvikla av grekerane. Den Doriske søyla er heilt enkel som ein kan sjå, berre sporer i rundstokken for å få ei fin utforming.
Den joniske søyla har snirkelr på sidene av søylehodet.
Den Korintiske søyla er dekorert med akantusmotiver.
Me fekk og lære ein del om ulike formar for arkitektur og kva byggeskikkar som har vore vanleg oppigjennom tida.
Me fekk og ei oppgåve der me skulle lage ein modell som illustrerte begrepet INNE-UTE, og der valgte me å laga ein badestamp med tak over...
Ei kjekk oppgåve som fekk ein til å tenke på ein annan måte...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar