Ja då var endeleg skuleåret starta og eg har vore på første samling i Sogndal for å ta dei siste to emna i Kunst og handverk for å få et full kompetanse i dette faget til å kunne undervise i det. Dette er og den siste biten for å få fullført lærerutdanninga mi som eg byrja på i 2005, så byrjer å bli på tide å komme i mål ;) Sjøl om ein blir litt forsinka av et par unger som ønska å sjå dagens lys midt under utdanninga og husbygging og giftemål så kjenner eg at det er viktig å få fullført utdanninga og ikkje berre la det koke ut i kålen utan at eg får meg ei formell utdanning, og i alle fall no når eg er så nær med å være ferdig :-)
Men nok om det, no gleder eg meg til å ta fatt på design og arkitektur og få mange kjekke og kreative stunder både i Sogndal og heime mellom samlingane :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar