Ja då har dagen kommet då man skal vise fram det ein har jobba med dei siste 4-5 månedene. Det er både godt og vemodigt at det heile er over, det har vore ei kjekk tid, men som har krevd mykje. Så no er eg spent på tilbakemeldingene, krysser fingrane for at alt det harde arbeidet ber fruktar:-)
- Posted using BlogPress from my iPhone
søndag 10. juni 2012
Refleksjonsnotat Design
Refleksjonsnotat
Når eg no ser tilbake på prosessen med designoppgåva, blei
den veldig annsleis enn eg hadde trudd på førehand. Ideen i hovudet mitt om
korleis eg ville ha det var ganske så fastsatt før eg satte i gong. Men når eg
no ser på det ferdige resultatet er det ganske så annsleis. Men eg er
kjempefornøgd med resultatet, og er glad eg gjorde dei endringane eg gjorde.
For det er jo som ein seier at veien blir til mens ein går. Og det som eg
trudde i hovudet mitt kom til å bli veldig bra viste seg å kunne gjerast på ein
mykje betre måte.
Elles i denne prosessen har eg lært utrulig mykje, og det
har egentlig vore litt vanskelig å begrense seg til berre å lage ein redesigna
gjenstand som skal stilles ut som arbeidskrav, for det er så mange geniale
idear der ute som eg får så lyst å prøve på. Eg veit i allefall det at ein
pallebenk kjem til å stå i hagen min i løpet av sommaren.
Redesign
er i vinden som aldri før, ein treff på det nesten kvar ein snur seg, og det
har vore veldig kjekt å få lov å jobbe med noko så aktuelt og spannande.
Eg kjem nok etter denne prosessen til å sjå litt
meir på moglegheiter for å fikse eller redesigne ting før eg kastar dei. For
det som er søppel for nokon, kan vere skjulte skattar for andre.Refleksjonsnotat arkitektur
Refleksjonsnotat
I arbeidet mitt med arbeidskravet i arkitektur har eg gått gjennom ein
heil prosess med meg sjølv. Det å skulle klare å velje berre ein byggning som
sin hovedbyggning blei vanskeleg, sidan eg blei oppriktig glad i alle fem
byggningane eg fordjupa meg i, dei hadde alle sin unike stil og atmosfære som
eg simpelten blei heilt forelska i. Det var også utfordrande å avgrense seg
sjølv så ikkje ein skreiv ei heil bok om kvar enkelt byggning. Ein skulle jo
prioriter og bruke tida på bygging av model og ikkje minst dei to andre
arbeidskrava.
skulle sjå meir naturtro ut.
Derfor fall valget på ispinnar. Eg har hatt liggande ein god del
ispinnar heime etter eit tidligare skule/jobb prosjekt, og no fann eg endeleg
noko
å bruke dei på. Dei ispinnane er ca 19 cm lang og 0,65 cm brei. I
tillegg har
eg brukt vanlege standard ispinnar som ein finn i vanleg is ein kjøper
på
butikken til lister på kyrkja, og eg har lånt nokre store breie
ispinnar i
barnehagen eg jobbar i til takkonstruksjonen.
Eg er veldig fornøyd med det resultatet eg kan vise til i dag, og føler
eg har fått det slik eg såg for meg før eg byrja. Prosessen har vore lang, og
det er ikkje få timar som har gått med til modelbygginga, men når eg ser det
ferdige resultatet ville eg ikkje vore det forutan.
Oppsummering
Denne
oppgåva har vore både spannande, kjekk, fasinerande og også til tider
frustrerande å skrive. Kjekk, spannande og fasinerande på grunn av at
arkitektur er eit utrulig innhaldsrikt og interessant tema, som ein aldri blir
ferdig utlært i, ein oppdager stadig nye unike byggverk.
Men oppgåva
har til tider og vore frustrerande, men i grunn på ein bra måte, for det er
synes har vore vanskeleg er og begrense seg. Eg føler eg må gje kvar enkelt
byggning den oppmerksomheten den fortjener samtidig som eg skal berre skrive ei
oppgåve og ikkje ei heil bok. Og ein kan jo ikkje bruke all tida ein har på
dette her, for det er jo så mykje anna spannande eg skal jobbe med i kunst og
handverk før eksamen.
Måten eg
valde å settje saman denne oppgåva på var å først ha ei kort innleiing før eg
gjekk inn på mitt nærområde, som er arena for mine srkitektoniske skattar. Der
presenterte eg først Austevoll som er kommunen, så videre Selbjørn som er den
aktuelle øya som dei ulike bygga befinn sep på, og så til slutt den vetle
tettstaden Bekkjarvik, som er hovudarena for fire av mine fem utvalgte
byggningar.
Videre har
eg gått innpå kvar enkelt byggning, der eg presenterer dei med eit knippe fakta
og også litt teori om den aktuelle stilarten bygget er innanfor, og også
sjølvsagt eit lite utval med bilete. Eg har valgt å ta hovudbygget mitt,
Bekkjarvik Kyrkje, heilt til sist av bygga mine for å få presantert dei fire
andre skikkeleg først før hovusfokuset går til kyrkja.
Etter å ha
fått fram fakta om kyrkja går eg til slutt over på å sjå på temaet arkitektur
innanfor skulesamanheng og korleis ein kan gå fram når ein skal undervise om
dette i skulen, der valde eg å først ta for meg korleis ein kan jobbe med det i
kunst og handverk timane før eg kom med nokre forslag til moglegheiter for
tverrfagleg undervisning i temaet.
Eg har
skreve ei bra oppgåve føler eg sjølv og er godt fornøgd. Eg føler eg har fått
med det viktigaste, men kunne sjølvsagt helde på lenger ettersom er aldri blir
lei av arkitektur.
Abonner på:
Innlegg (Atom)