søndag 10. juni 2012

Korleis jobbe med arkitektur i skulen?


Idear til bruk i skulen

Innanfor Kunst og Handverk

Når ein lærer om dei ulike epokane innanfor kunst og handverk er det ofte at ein fokuserer på biledkunst innenfor dei ulike periodane. Dette er viktig kunnaksp å ha med seg, men kan av og til bli veldig tørt og kjedelig å lære om. Men innenfor arkitektur er det mykje meir spannade å sjå og lære om dei ulike stilane og dei ulike periodene. Hovedgrunnen til dette meiner eg er på grunn av at hus og byggningar er noko kjent og trygt for elevane, medan bilete kan bli litt frammand og ein kan føle seg meir distansert til det. Men med byggningar er det noko me har rundt oss kvar dag. Arkitekturen er ikkje noko me tenkjer på til kvardags, men noko som er utrulig kjekt å fordjupe seg i. Ein blir heilt opppslukt i det når ein først byrjar å settje seg inn i det, og ein tenkjer arkitektur, stilartar og epokar uansett kvar ein går etterpå. Emnet er lett for alle å få grep om og skiller ikkje på same måten mellom ”sterke” og ”svake” elevar slik andre fag og emner kanskje kan gjere.
Å la elevane få gå på arkitektonisk skattejakt i nærmiljøet med kamera er ein ypperleg måte for dei og sjølv gjere oppdagingar, med litt rettleiing kan elevane lære vel så mykje på denne måten som gjennom læreboka. Det geniale med å ha med og å bruke kamera er at elevane blir mykje meir årvåkne og ser lettare detaljar på dei ulike husa enn dei kanskje ville gjort elles.
Å kunne byggje ein sjølvvalgt byggning er noko som gjer elevane ein eigarfølelse og ei følelse av å vere med på noko stort,. Ein må jo sjå det litt an etter alder, korleis ein skal gripe oppgåva an, men for eksempel det å byggje ulike typar bruer med ulikt materiell er noko som ein kan få til heilt ned i dei minste klassane. Så får ein heller kanskje spare rekonstruksjon av Nidarosdommen i størrelse 1:100 til ungdomsskulen.
Å jobbe med arkitektur treng ikkje vere så vanskeleg, det finns utallege matrialer ein kan bruke til å byggje noko. Er elevane ganske ung, kan ein til dømes bruke noko dei kjenner til som for eksempel legoklossar. Å byggje hus i legoklossar er sikkert noko elevane har gjort heilt sidan dei var små, men det blir med ein gang meir lærerikt når ein sett det inn i ein samanheng og ein får rettleiing og tilbakemelding på byggeprossesen.
For dei litt større elevane kan ein kanskje gjere det meir utfordrande, som for eksempel å byggje i mjølkekartong og dorull. Det er lurt med tanke på gjennbruk og det er noko som er greitt å jobbe med.

 

 

Tverrfagleg

Mattematikk

Matematikk gjer seg sjølvsag gjeldande med berkning av målestokk, men og på mange andre måtar. Så enkle ting som det å måle og teikne skisse er også matematikk, og ikkje minst det å rekne ut høgda på ein byggning. Å jobbe med arkitektur er ein genial måte å få elevane til å jobbe med matematikk og lære noko utan at dei tenkjer over at det er matematikk.

Samfunnsfag

Å jobbe med ulike stilartar innanfor arkitektur med å dra inn geografien kan være spannande for elevane. Dette er eit tema som kan bli eit spannande tverrfagleg prosjekt over fleire veker der elevane kan jobbe i grupper. Der kvar gruppe får eit kontinent eller liknande og skal velje seg ut ein byggning dei skal skrive om, teikne og skissere og ikkje minst lage ein model av. Det er eit prosjekt som er lett for elevane å bli oppslukt av, og elevane lærer samstundes ein heil del geografi og samfunnsfag, der dei må setje seg inn i kulturar og levesett i dei ulike delane av verden.
Å jobbe med arkitektur er ein ypperleg måte å bli skikkeleg kjend med sitt eige nærmiljø, og også kunne sjå på heimstaden sin som ein trur ein kjenner så godt i eit historisk perspektiv. For elevane er ikkje alltid klar over kor store forkjellane var frå 200 år tilbake i tid og fram til i dag. På denne måte lærer elevane vel så mykje om sin eigen historie og kultur som dei lærer om arkitektur.

Andre fag

RLE er eit aktuelt fag ein kan dra inn i arkitekturens verden, der ein for eksempel kan lære om dei ulike byggningane som gjer seg gjeldande innanfor ulike religionar og trusretningar.

Mat og helse kan og gjere seg gjeldande med tanke på korleis dei ulike husa er laga til med tanke på mat og mattilbereding.

Naturfag er og eit aktuelt fag, for det er jo ikkje berre me mennesker som treng hus og  byggverk, også dyra kan vere veldig flink å byggje. Og det å kombinere naturfag og arkitektur åpner for nye måtar å byggje på, og også ein ny måte og sjå på arkitekturen på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar