søndag 10. juni 2012

Refleksjonsnotat arkitektur



Refleksjonsnotat

I arbeidet mitt med arbeidskravet i arkitektur har eg gått gjennom ein heil prosess med meg sjølv. Det å skulle klare å velje berre ein byggning som sin hovedbyggning blei vanskeleg, sidan eg blei oppriktig glad i alle fem byggningane eg fordjupa meg i, dei hadde alle sin unike stil og atmosfære som eg simpelten blei heilt forelska i. Det var også utfordrande å avgrense seg sjølv så ikkje ein skreiv ei heil bok om kvar enkelt byggning. Ein skulle jo prioriter og bruke tida på bygging av model og ikkje minst dei to andre arbeidskrava.

Bygginga av modellen var og særs kjekt. Her sleit eg først med å velje kva byggning eg skulle bygge. Og når eg endeleg hadde landa på ein av dei var utfordringa kva materialle skulle eg byggje i. Det skulle jo som kjend vere gjennbruksmateriale, og derfor var eg lenge innom tanken på mjølkekartong, og eg laga jo ein model av kyrkja mi i mjølkekartong i
målestokk 1:100. Noko som blei veldig bra, men eg ville allikevel at kyrkja
skulle sjå meir naturtro ut.

Derfor fall valget på ispinnar. Eg har hatt liggande ein god del ispinnar heime etter eit tidligare skule/jobb prosjekt, og no fann eg endeleg noko
å bruke dei på. Dei ispinnane er ca 19 cm lang og 0,65 cm brei. I tillegg har
eg brukt vanlege standard ispinnar som ein finn i vanleg is ein kjøper på
butikken til lister på kyrkja, og eg har lånt nokre store breie ispinnar i
barnehagen eg jobbar i til takkonstruksjonen.

Eg er veldig fornøyd med det resultatet eg kan vise til i dag, og føler eg har fått det slik eg såg for meg før eg byrja. Prosessen har vore lang, og det er ikkje få timar som har gått med til modelbygginga, men når eg ser det ferdige resultatet ville eg ikkje vore det forutan.

 

Oppsummering

Denne oppgåva har vore både spannande, kjekk, fasinerande og også til tider frustrerande å skrive. Kjekk, spannande og fasinerande på grunn av at arkitektur er eit utrulig innhaldsrikt og interessant tema, som ein aldri blir ferdig utlært i, ein oppdager stadig nye unike byggverk.
Men oppgåva har til tider og vore frustrerande, men i grunn på ein bra måte, for det er synes har vore vanskeleg er og begrense seg. Eg føler eg må gje kvar enkelt byggning den oppmerksomheten den fortjener samtidig som eg skal berre skrive ei oppgåve og ikkje ei heil bok. Og ein kan jo ikkje bruke all tida ein har på dette her, for det er jo så mykje anna spannande eg skal jobbe med i kunst og handverk før eksamen.
Måten eg valde å settje saman denne oppgåva på var å først ha ei kort innleiing før eg gjekk inn på mitt nærområde, som er arena for mine srkitektoniske skattar. Der presenterte eg først Austevoll som er kommunen, så videre Selbjørn som er den aktuelle øya som dei ulike bygga befinn sep på, og så til slutt den vetle tettstaden Bekkjarvik, som er hovudarena for fire av mine fem utvalgte byggningar.
Videre har eg gått innpå kvar enkelt byggning, der eg presenterer dei med eit knippe fakta og også litt teori om den aktuelle stilarten bygget er innanfor, og også sjølvsagt eit lite utval med bilete. Eg har valgt å ta hovudbygget mitt, Bekkjarvik Kyrkje, heilt til sist av bygga mine for å få presantert dei fire andre skikkeleg først før hovusfokuset går til kyrkja.
Etter å ha fått fram fakta om kyrkja går eg til slutt over på å sjå på temaet arkitektur innanfor skulesamanheng og korleis ein kan gå fram når ein skal undervise om dette i skulen, der valde eg å først ta for meg korleis ein kan jobbe med det i kunst og handverk timane før eg kom med nokre forslag til moglegheiter for tverrfagleg undervisning i temaet.
Eg har skreve ei bra oppgåve føler eg sjølv og er godt fornøgd. Eg føler eg har fått med det viktigaste, men kunne sjølvsagt helde på lenger ettersom er aldri blir lei av arkitektur.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar