
Eg er kjempe fornøyd med designen. Den er laga av eit plastskilleark som ein bruker i permer

Eg valgte å ha eit stort merke på veska og eit mindre og meir diskret på lommeboka

Hanken er og blitt ferdig, der valgte eg å gå vekk i frå tre strimler med tau og tre strimler med gummi, siden eg syns den blei så uhamslig og rotete då, så då valgte eg heller to strimler med gummi, så blei det enkelt og greit, men flott.

Eg har forsterka festene til hanken sånn at den skal kunne tåle ein del vekt i veska

Det ferdige produktet :)

Alt i alt er eg veldig fornøyd med resultatet. Veska er ikkje så stilrein og "korrekt", men det et heller ikkje meininga, den skal sjå litt robust og slitt ut, den er jo tross alt laga av noko som for mange blir beregna som søppel... ;-)
Posted using BlogPress from my iPhone
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar