søndag 10. juni 2012

Refleksjonsnotat Design


Refleksjonsnotat

Når eg no ser tilbake på prosessen med designoppgåva, blei den veldig annsleis enn eg hadde trudd på førehand. Ideen i hovudet mitt om korleis eg ville ha det var ganske så fastsatt før eg satte i gong. Men når eg no ser på det ferdige resultatet er det ganske så annsleis. Men eg er kjempefornøgd med resultatet, og er glad eg gjorde dei endringane eg gjorde. For det er jo som ein seier at veien blir til mens ein går. Og det som eg trudde i hovudet mitt kom til å bli veldig bra viste seg å kunne gjerast på ein mykje betre måte.
Elles i denne prosessen har eg lært utrulig mykje, og det har egentlig vore litt vanskelig å begrense seg til berre å lage ein redesigna gjenstand som skal stilles ut som arbeidskrav, for det er så mange geniale idear der ute som eg får så lyst å prøve på. Eg veit i allefall det at ein pallebenk kjem til å stå i hagen min i løpet av sommaren.
Redesign er i vinden som aldri før, ein treff på det nesten kvar ein snur seg, og det har vore veldig kjekt å få lov å jobbe med noko så aktuelt og spannande.
Eg kjem nok etter denne prosessen til å sjå litt meir på moglegheiter for å fikse eller redesigne ting før eg kastar dei. For det som er søppel for nokon, kan vere skjulte skattar for andre.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar