lørdag 9. juni 2012

Korleis jobbe med Design i skulen?


Idear til bruk i skulen

Innanfor Kunst og Handverk

Når det gjeld å jobbe med design og redesign i skulen er det noko som er lett å få elevane engasjert i. Det er noko som er inn i tiden, og det er noko dei kan bruka sin kreativitet på, der det ikkje finnes noko fasitsvar.

Mitt første forslag til undervisningsopplegg er å la elevane stå absolutt heilt fritt til å finne ut kva dei vil laga og kva dei skal lage det av.

Forslag nummer to er å ta elevane med på bruktbutikk og be dei finne noko der dei kan lage ein bruksgjenstand av.

Forslag nummer tre er å ta elevane med på gjennvinningsstasjonen og be dei finne noko der blant søppelet som dei kan gi nytt liv.

Elles sånn generelt meiner eg det er viktig å la elevane få lov og utfalde seg og ikkje avgrense kreativiteten deiars. Kunst og Handverk er eit fantastisk fag der alle kan få blomstre, spesielt innanfor temaet design, og det er derfor spesielt viktig at ein som lærer støtter opp i staden for å bryte ned.



 

 

Tverrfagleg

Mattematikk

Som dei fleste ting innanfor kunst og handverk er matematikk også aktuelt i design, for også her må ein måle opp, berekne, og leggje samman og trekkje frå.
Ein flott måte å bruke matematikken på som er kjekk og ein får eit produkt ut av til slutt.

Samfunnsfag

Samfunnsfag er også eit fag som kan gjere seg gjeldande, med tanke på at ein kan sjå på ulike folkeslag og kulturar og kva type design dei har der dei bur. Og ein kan prøve seg på ulike teknikkar ut i frå dette.

Andre fag

RLE  - Ein kan sjå på ulike designprodukt innanfor ulike religionar

Naturfag  - Naturfag gjer seg veldig gjeldande innanfor redesign ettersom tanken brak gjennbruk og redesign er nettopp å spare miljøet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar